Utskriftsvennlig versjon

Bevaring og kassasjon

Arkivlova med forskrifter dannar det rettslege grunnlaget for arbeidet med bevaring og kassasjon i offentleg forvaltning. Formålet med bevaring av offentlege arkiv er å sørgja for at arkiv som har stor kulturell eller forskningsmessig verdi, eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, vert teke vare på og gjort tilgjengeleg for ettertida.

Riksarkivaren har vedtatt nye bevarings- og kassasjonsbestemmelsar for fylkeskommunale og kommunale arkiv.

Den nye forskrifta erstattar den gamle og gjeld for alt arkiv som er skapt etter 1950. Ein viktig endring i dei nye reglane er at dei skildrar det som minimum skal bevarast. Kvar fylkeskommune og kommune kan velja å bevare meir enn det som er pålagt i bestemmelsane, men ein skal laga oversikt over kva som kan kasserast og kva som skal bevarast. Det vil verte laga rettleiingar i praktisk bruk av avgjerslene og desse vil verta tilgjengelege på Arkivverket sine nettsider.

Dei nye reglane kan de sjå her.

Laster...