Utskriftsvennlig versjon

Bruk og oppdatering av arkivplanen

Arkivplanen skal nyttast som eit arbeidsreiskap av alle tilsette i Fusa kommune. Målet er at alle som handterer dokument som vert til som ledd i den verksemd kommunen driv, skal kunne finna informasjon om kva retningslinjer som må fylgjast, og kva løysingar kommunen har på arkivområdet.

Arkivplanen vert oppdatert jamleg. Det vert sendt ut melding til aktuelle brukarar så snart ein revisjon/korrigering er utført.

Alle brukarar har ansvar for å gje tilbakemelding på den informasjon som er i arkivplanen. Om registrerte opplysningar ikkje er korrekte, eller endringar er gjort, skal arkivleiar kontaktast. Arkivleiar Magda Haugen kan kontaktast på telefon 56 58 01 08 eller e-post

Magda.Haugen@fusa.kommune.no

Kommunen sin arkivleiar, Magda Haugen, vil ha det daglege ansvar for å fylgja opp arkivplanen sine føresegner i høve  til alle verksemder i kommunen.

Laster...