Utskriftsvennlig versjon

Velkommen til Fusa

haalandsdalen_tour_039

Bilete frå Hålandsdalen

vinnesholmen_2009_078

Bilete frå Vinnesholmen

Fusa kommune ligg midt i Hordaland, mellom Hardanger og Bergen, om lag ein times køyring frå vestlandshovudstaden.
Kommunen grensar til kommunane Kvinnherad og Tysnes i sør, til Kvam i aust, til Samnanger i nord og til Os i vest.

Fjordlandskap og fjellheim 
Fusa ligg i det frodige og opne fjordlandskapet i Midthordland. Her er det vidare og lysare enn i dei indre stroka av fylket. Kommunen har ei lang kystline på ca 198 km med mange holmar og skjær, samstundes som ein har fjellheimen i ryggen mot aust med toppar opp til 1299 m.o.h. (Tveitakvitingen) i grenseland mot Kvamskogen.

Kommunesenter
I kommunesenteret Eikelandsosen finn ein m.a. dei offentlege kontora, felles ungdomsskule og vidaregåande skule.

Stor aktivitet
Fusa kommune er stor i utstrekning med sine 378 km2, men relativt liten i folketal med vel 3800 innbyggjarar. Fusasamfunnet har likevel eit vitalt miljø med både aktivt kulturliv og eit driftig næringsliv. Fusa ligg i pendlaravstand til Bergen, og har ekspansive verksemder med stor aktivitet.

Kultur og idrett
På kultursida er Fusa prega av at ein har mange livskraftige bygder og grender med trygge oppvekstmiljø og mykje organisert aktivitet, særleg for born. Det kommunale kulturarbeidet vart i 1998 heidra med å bli kåra til årets kulturkommune i Hordaland.

Det er særleg idretten og skiskytinga som har sett Fusa på verdskartet! Hålandsdal idrettslag har fått fram fleire store talent gjennom åra. Søstrene Ann-Elen Skjelbreid og Liv Grete Skjelbreid Poirée har henta heim OL-medaljar både frå Nagano og Salt Lake City og er kommunen sine fremste kulturambassadørar. I seinare år har fleire kunstnarar flytta til kommunen og har vorte viktige aktørar i det lokale kulturlivet.

I hjarta av Hordaland
Fusa er for mange utanfor allfarveg, men ligg eigentleg i hjarta av Hordaland og er eit Noreg i miniatyr.

Kommunesenter
I kommunesenteret Eikelandsosen finn ein m.a. dei offentlege kontora, felles ungdomsskule og vidaregåande skule.

Stor aktivitet
Fusa kommune er stor i utstrekning med sine 378 km2, men relativt liten i folketal med vel 3800 innbyggjarar. Fusasamfunnet har likevel eit vitalt miljø med både aktivt kulturliv og eit driftig næringsliv. Fusa ligg i pendlaravstand til Bergen, og har ekspansive verksemder med stor aktivitet.

Kultur og idrett
På kultursida er Fusa prega av at ein har mange livskraftige bygder og grender med trygge oppvekstmiljø og mykje organisert aktivitet, særleg for barn. Det kommunale kulturarbeidet vart i 1998 heidra med å bli kåra til årets kulturkommune i Hordaland.

Laster...