Arkivplan - Fusa kommune

 

Utsyn frå Ottanosi

Jettegryte

Skjelavikjo

Utsikt frå Ottanosi.

Jettegryte

Skjelavikjo

     

 

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Arkivplanen skal sikra at Fusa kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlova sin § 6:

 Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Oppdatering av arkivplanen

 Oppdatering av arkivplanen skal skje når: 

  •  ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
  •  det vert teke i bruk ny arkivnøkkel
  •  ei kommunal eining tek i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
  •  kommunale einingar vert nedlagde eller oppretta
  •  det vert oppretta eller lagt ned styre eller utval
  •  det vert gjort vesentlege endringar i kommunen sitt delegeringsreglement
  •  kommunale oppgåver vert overført til verksemder utanfor kommunen
  • ved kommunesamaslåing 

 Arkivansvarleg avgjer om det er trong for oppdatering av arkivplanen når:

  •  det vert teken i bruk ny versjon av arkivnøkkel
  •  det vert teken i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon
     

Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei vert sett i verk og har rett til å uttala seg om dei fylgjene dei kan få for arkivet.

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen har rådmannen delegert arkivansvaret arkivleiar. Som arkivleiar i Fusa kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen. 

Fusa kommune 2014

Magda Haugen
Arkivleiar